Vårfiske på Hardangervidda

No har du sjansen til å bli med på det eventyrlige vårfiske på Hardangervidda.

I slutten av juni starter vi på Halne fiskesesongen og vi gleder oss å ta imot deg som gjest. Det bli garnfiske og stangfiske inne på vestvidda for de som ønsker det. Alt lett tilgjengelig med båt over Halnefjorden. To overnattinger, god mat og fiske.

Me har begrensa med plassar og helga er derfor eksklusiv for eit svært begrensa antall fiskerar. I tillegg bli det fiskeprat, foredrag om livet i vatnet ratt isen går, korleis ørreten oppfører seg i dei ulike årstidene. Om fiske på Hardangervidda og korleis fiskeressursen har vorte nytta gjennom tidene. Fjellfisk er den flottaste råvare derfor fer du høve til å vera med på foredling av ørret søndag. Raking, røyking og graving av fisk. Me garanterar at du fer med deg ein liten smak av fjellets delikatesse heim.

Halnefjorden ligg på Vestvidda i øvre del av Numedalsvassdraget og den er regulert 4 meter med ein dam ved utløpet til Sleipa i søraust.  I nordenden av innsjøen ligg Halne fjellstugu ved riksveg. Det går båtrute på fjorden mellom Halne i nord og Skaupa i sør. Båtruta med Halnekongen har vore i drift siden 1954, då demningen på Sleipa vart bygd. I Halnefjorden bli det drive eit aktivt fiske for å ta vare på den flotte stamma som er her. Kvart år sett regulanten ut 11000 fisk av stedegen stamme i fjorden. Målsettinga er å ta opp ca 1,5 tonn med fisk kvart år. I 2021 var den største fisken som vart tatt opp på 2,9 kg.

Sesong/dato: 23.-25.juni 2023

Fredag
Kl. 18.30 Geirmund ynskjer velkommen til Halne
Kl. 19.00 Middag
Kl. 21.00 Orientering om helga

Lørdag
Kl. 08.00-09.00 Frokost
Kl. 09.30 Fiske
Kl. 19.00 Middag
Kl. 20.30 Fiskepub

Søndag
Kl. 08.00-09.00 Frokost
Kl. 09.30 Fiske
Kl. 14.00 Foredling av fisk


Pris pr. person
kr. 4 200,-