Påskeferie & Hundekjøring

En smakebit av hundekjøring i påskeferien!

Vi tilbyr to ulike opplevelser.
Mandag 3. april og tirsdag 4. april tilbyr vi turer på 1 timers varighet.
Torsdag 6. april (skjærtorsdag) kjører vi halvdagsturer formiddag og ettermiddag.

1 timers varighet

Sesong/dato: mandag 3.april og tirsdag 4.april 2023
Varighet inkludert instruksjon: ca. 1 time

Desse turane er for deg som er litt nysgjerrig på kva hundekjøring er. Sjølve turen ute på fjellet tek ca. 45. min, men me beregnar ca. 1 time inkludert forberedelsar og avslutning.

Turen starter med instruksjoner og informasjon om korleis du styrer og håndterar eit hundespann. To personer deler på å kjøyre ein hundeslede med 6 hundar framom, den eine styrer sleden medan den andre sitt på, me byttar midtvegs i turen.

Du treng ingen erfaring med hundekjøyring for å vera med på denne turen. Dine hundar følger naturleg etter vår guide som kjøyrer foran med sitt spann. Du bør væera i god fysisk form for å kjøyre eige hundespann. Denne turen passar og godt for barnefamiliar

Pris pr. person kr. 600,-
Pris for barn opp til 12 år kr. 300,-

Halvdagsturer

Sesong/dato: Torsdag 6.april (skjærtorsdag)
Varighet: halvdagstur formiddag og ettermiddag

Å kjøyre sitt eige hundespann av snille og ivrige huskyhundar gjennom flott natur er ein fantastisk opplevelse. Lær korleis du handterar og styrer din eigen slede. Kort tid etter suser du lydlaust innover på vidda.

Denne turen er for deg som ynskjer å bli litt bedre kjent med kva hundekjøyring er. Turen går i lett kupert fjellterreng i eit vakkert naturområde. Det blir ein stopp i vår fiskehytte inne på fjellet. Der er det tid til ekstra kos og stell med hundane og dikko fer servert varm suppe og kaffe/te/kakao. Etter pausa set me kursen mot fjellstugu att.

Du fer instruksjon og opplæring i korleis du kjøyrer ditt eige hundespann. To og to deler på å kjøyre eit hundespann med 6 hundar framom. Ein står bak og styrer sleden og ein sitt i, me byttar på å styre sleden undervegs på turen.

Du treng ikkje erfaring med hundekjøyring for å vera med på denne turen. Hundane dine følger naturleg etter vår profesjonelle guide som kjøyrer først.

Kost og losji på Halne fjellstugu enten frå 5.-6. april eller frå 6.-7. april med hundekjøyring ca. 4 timar 6. april.

Pris pr. person kr. 2300,-