Hundekjøring om våren

Har du nokon gong opplevd bortimot eller total stillheit frå andre lydar enn naturen? Kun lyden av vinden og snøen, eller lyden av potane frå hundane som uavbrutt spring gjennom snøen?

På desse dagane fer du kjenne på og vera ein del av Hardangervidda.

Ynskjer du deg ein skikkeleg villmarksopplevelse med hundar som beste selskap? Då har du din livs sjanse her sammen med våre entusiastiske, dyktige og gode fjellfolk der sikkerhet står i høgsetet.

Sesong/dato: 21.-23.april 2023

Pris pr. person kr. 6 900,-

Det er 2 personar pr. spann og der dikko fer ansvar for kvart dikkos spann som du har ansvar for heile helga. Det bli foring, på- og avseling samt ellers nødvendig stell som hundekjøyrerane må gjera.

Fredag:
Frammøte på Halne fjellstugu før middag kl 19.00
Innformasjon, grunnleggande om hundekjøyring, sikkerhet og sosialt

Lørdag:

07.30 – 08.30 Foring og stell av hundane
Frokost kl 08.30- 09.30
10.00. Oppseling, forberedelsar og avreise.
Fantastisk rundreise på Norges tak og Nord Europas største høgfjellsplatå. Me let hundane ta uss frå Halne i retning mot Skaupsjøen- Stigstuv- Raudhelleren og til Skaupa. Her bli det overnatting i ei jakt- og fiskehytte. Middag har me med uss men me må bidra litt sammen med guiden for å få den heilt ferdig.
Dagen er ikkje omme før hundane har fått sitt stell og hugs du har ditt spann som du har ansvar for.
Guiden/ hundekjøyraren vil fortelja om sin livsstil som det å ha 20- 30 hundar er. Her blir det historier frå tida med trening til både korte og lange løp, konkuranseprat og sjølvsagt kva av arbeid, glede og sveitte ligg bak eit slikt liv.

Søndag:

Frokost før me ryddar sammen og fortsett ekspedisjonen vidare mot Skyttarbudalen- Heinseter- og mot Halne att.
Vel framme på halne fjellstugu ryddarm e bort hundar og utstyr, panoramabadstugu er varm om nokon ynskjer og det bli ein matbit før avreise.