Bli med på det sagnomsuste vårfiske på Hardangervidda

Bli med på det sagnomsuste vårfiske på Hardangervidda

No har du sjansen til å bli med på det eventyrlege vårfiske på Hardangervidda.
Helga 24.-26. juni startar me på Halne fiskesesongen og ynskjer å invitere deg med på dette vårfiske.
Det bli garnfiske og stangfiske inne på vestvidda for dei som ynskjer. Alt lett tilgjengeleg med båt over Halnefjorden.
Me har begrensa med plassar og helga er derfor eksklusiv for eit svært begrensa antall fiskerar.
I tillegg bli det fiskeprat, foredrag om livet i vatnet ratt isen går, korleis ørreten oppfører seg i dei ulike årstidene. Om fiske på Hardangervidda og korleis fiskeressursen har vorte nytta gjennom tidene.
Fjellfisk er den flottaste råvare derfor fer du høve til å vera med på foredling av ørret søndag.
Raking, røyking og graving av fisk.
Me garanterar at du fer med deg ein liten smak av fjellets delikatesse heim.

Fredag
Kl. 18.30 Geirmund ynskjer velkommen til Halne 

Kl. 19.00 Middag 
Kl. 21.00 Orientering om helga 

Lørdag
Kl. 08.00-09.00 Frokost 

Kl. 09.30 Fiske
Kl. 19.00 Middag
Kl. 20.30 Fiskepub

Søndag
Kl. 08.00-09.00 Frokost 

Kl. 09.30 Fiske
Kl. 14.00 Foredling av fisk

Pris kr. 4100,- pr person inkl. alle måltider og fiske

Halnefjorden ligg på Vestvidda i øvre del av Numedalsvassdraget og den er regulert 4 meter med ein dam ved utløpet til Sleipa i søraust.
I nordenden av innsjøen ligg Halne fjellstugu ved riksveg. Det går båtrute på fjorden mellom Halne i nord og Skaupa i sør. Båtruta med Halnekongen har vore i drift siden 1954, då demningen på Sleipa vart bygd. I Halnefjorden bli det drive eit aktivt fiske for å ta vare på den flotte stamma som er her. Kvart år sett regulanten ut 11000 fisk av stedegen stamme i fjorden. Målsettinga er å ta opp ca 1,5 tonn med fisk kvart år. I 2021 var den største fisken som vart tatt opp på 2,9 kg.

Møtested: Halne Fjellstugu, Hardangervidda 227
Spørsmål om pakken eller bestilling: send epost til post@halne.no